Mandag 23 September
Kl. 12:00, Frivillighetens hus
Kulturkafé: Gjensyn med Oddgeir Bruaset og de som "bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu"
Velkommen til kulturkafé og gjensyn med Oddgeir Bruaset og de som "bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu"!

Tid: Mandag 23. september kl. 12
Sted: Frivillighetens hus

Gratis entré. Vi selger kaffe og vafler.

Oddgeir Bruaset høyrer til veteranane i NRK. Då han gjekk av etter oppnådd aldersgrense, hadde han arbeidd i NRK i 43 år, dei fleste som programleiar i fjernsynet. Best kjend er han for å ha starta og leidd suksess-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
Utanom arbeidet i NRK har Bruaset skrive meir enn 30 bøker, blant andre fem som handlar om menneske som lever langt utanfor allfarveg. Hausten 2022 kom den siste av «Der ingen skulle tru»-bøkene. Ho har tittelen Gjensyn og fortel om korleis det har gått med nesten alle dei som har vore med i programma.

I tillegg til dette er Bruaset ein etterspurd foredragshaldar. I fjor haust besøkte han nokre av frivilligsentralane på Romerike, denne hausten kjem han til andre stader på det indre Austlandet, og det er den siste boka foredraget byggjer på. Mykje uventa har skjedd med folket der ute, overraskingane er mange, røper han.

I tillegg til det han fortel, viser han bilde av stadene og folket, slik vi hugsar dei frå programma, og slik dei ser ut i dag. Etter foredraget blir det høve til å kjøpe bøker, gjerne med ei personleg helsing attåt.

2024 © Hurdal Frivilligsentral